Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan - Aukra kommune

Banner

Føremål for arkivplan i Aukra kommune 

Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskrift om offentlege arkiv § 4, at kommunane skal ha ein slik plan. For at planen til ei kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som har gått ut av bruk skal arkiverast.

Administrasjonssjefen har arkivansvaret

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeider verksemsdplan. Godkjend verksemdsplan (KS PS-39/22) skal vere med i kommunen sin årsplan.

I kommunen er det administrasjonssjefen som har det overordna arkivansvaret (jf. forskrift om offentlege arkiv § 1). Som administrasjonssjef i Aukra kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setje seg godt inn i og følge retningslinene i arkivplanen.

Aukra kommune juni 2022

Gerd Marit Langøy

-kommunedirektør-

Tilgjengelegheitserklæring for nettstaden

Tilgjengelegheitserklæring